Aktivtetar hausten 2017

Komande sundag er det kafe i grendahuset i Botnane, frå kl. 16.00 til 18.00.

Vi legg opp til sundagskafe den fyrste sundagen i kvar månad. Med detvert det

også kafe den 1. oktober, 5. november og 3. desember! Den 3. desember vert det kombinert med juleverkstad.

Hjortefesten er planlagt til laurdag den 18. november og juletrefest vil vi ha den 30. desember.

 

Ein vellukka sommarbasar!

Bra med folk, bra loddsal og god prat! Slik kan sommarbasaren sist laurdag oppsummerast! Og grendalaget sit att med om lag 20.000 kr til dei to grendahusa i Botnane og på Årebrto! Takk til alle som deltok og takk til dei som ordna med å pynte og gjere til! Og takk for alle dei flotte gevinstane.

Det fyrste skiltet på plass!

Det fyrste skiltet i Diktarstien er på plass ved inngangen til grendahuset! «Huset som talar» er på 1,80 x 0,50m. Dei andre skilta kjem på plass litt etter kvart. Neste kjem på gravstaden. Den offisielle opninga er utsett til neste sommar, den 18.8.2018. Då skal alt vere på plass.

Dei siste som har støtta Diktarstien er Sogn og Fjordane Fylkeskommune med 10.000 kr.

 

Arbeidet er i gang, men utsett opning!

Arbeidet med Diktarstien er i gang.  Stien ned mot Flôtholmen vart rydda og gruslagt på dugnad. Og i samband med sommarbasaren vert det avduking av det fyrste diktet som vert montert ved inngangen kjellaren på skulehuset. Men ting tek lengre tid enn planlagt. Difor  er opninga av diktarstien utsett til neste år, ny dato vert 18. august 2018, også då med Sigrid Moldestad og musikarar.

Sommarbasar på laurdag!

IMG_2496

Vi ynskjer alle velkommen til sommarbasaren i Botnane

Laurdag den 15.juli kl. 15.00 i Botnane Grendahus

Vi tek mot gevinstar, og vi veit det vert mange flotte!

Mat, song og loddsal!

Inngangspengar.  4,- kr pr. lodd. Sal av lodd til eige barnelotteri på basaren.

Inntektene går til grendahusa i Botnane og på Årebrot

Arr: Botnane og Årebrot Grendalag

Rydde fyrst!

IMG_2620

No er det rydda kring gravstaden. – Der det skal opp skilt i høve Diktarstien etter Jan-Magnus Bruheim er det eit mål å rydde fyrst, seier Magni Øvrebotten. Dikta på gravstaden og grendahuset skal opp i sommar, og alle skal vere på plass til opninga av Diktarstien i Botnane vert 18.08.18.

Kompostbinge på plass

No er det endeleg på plass kompostbinge og avfallsdunk på gravstaden i Botnane. Det har vore etterlyst i årevis av dei som steller på gravene. – Det er skikkeleg handverk laga på bestilling av Ottar Dahl på Kjelkenes. Begge dunkane har lok. slik at ikkje hjorten skal rote rundt dei. Og dei er laga av ask og vert grå som muren etter kvart, seier Magni Øvrebotten. Grendalaget har betalt dei. Ho håpar folk ikkje kastar anna enn avfall frå gravstaden i dunkane. Matrestar, hundeskit og liknande gjev lukt og kan samle uynkste dyr. Tøminga av ruskesekken må bli når han er full, og vert gjort på dugnad. Torbjørn Øvrebotten fylte på grus og la på plass steinhellene under dei to bingane.