Jan Magnus Bruheim

6Idz7XOWpjAf9_1k41UVVQCl2NBdDcXJwJyLNLF3ecDA

Jan-Magnus Bruheim

Frå 1978-1985 budde diktaren og lyrikaren Jan-Magnus Bruheim (1914-1988) i lærarbustaden i skulehuset i Botnane. Bruheim kom frå Skjåk i Gudbrandsdalen og hadde alltid drøymt om å bu på kysten, og likte seg svært godt her. Han sa sjølv at dei sju åra i Botnane var dei mest produktive åra i hans diktarliv. Han kjende seg heime blant folket i bygda og vart sett på som ein bygdamann. Jan-Magnus Bruheim skreiv mange dikt med motiv frå Botnane, her er berre smakebitar frå eit lite utval.Barneboka ”Den kvite hjorten” vart og til i Botnane.

Til Roma – eller til Botnane
frå prosasamlinga «Tankefuglar i tunet» av Jan Magnus Bruheim

«Dersom ein skulle få valet millom å fara til Roma eller til Botnane, kva skal ein då gjera? Å velja kan jamt vera vanskeleg. Det fylgjer ansvar med eit val – og lagnad.

Så vandt er det likevel ikkje, når ein veit kvar hugen dreg.

I Roma bur millionar. Der kunne ein kanskje koma til å kjenne seg einsam imillom alle dei andre.

I Botnane lever eit kvart hundrad sjeler. Her treng ein ikkje kjenne seg einsam um ein er åleine. Dessutan høyrer Botnane med til fedrelandet. Og når ein så lenge har vore på utkik etter ein stad utmed kysten der ein kunne busetja seg, er valet lett. Du sender ein venleg tanke til han som ville reide deg rom i Roma – og fer til Botnane.»

IMG_0585

 

Huset fekk eige dikt

I 1978 flytta Bruheim til Botnane, der han busette seg i det gamle skulehuset. Dette huset fekk sitt eige dikt i «Huset som talar».

Huset som talar

I det forletne skulehuset
langt mot vest,
der kan du tru det lever mangt!
Det knett og knest
når lynet gneistrar
gjennom natta,
stormen riv,
når regnet skvalar
og når ròket driv –
Når sjøen båreblunkar,
ligg der still og glitrar
og sjøfugl skrik
og småfugl kved og kvitrar
og sola skin
og milde vindar svalar,
då kan du sitja her
og høyre huset talar!
Frå barneboka ”Den opne handa” i 1981.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s