Vegsamband i Botnane og Årebrot av Ståle Sørbotten

I dag set folk i Nordbotten seg i bil når dei har erend i Sørbotten. Det same gjer folk i Sørbotten. Slik har det så visst ikkje alltid vore.

Går vi berre 80 år tilbake i tid var det knapt framkomeleg sjølv til fots mellom gardane.

Det var ein gongstig som batt gardane saman. Det var ingen enkel veg, spesielt mellom Nordbotten og Øvrebotten, der indste og ydste Stigen var ei utriveleg sperre. Ydste Stigen måtte passerast på oppsida, oppe i ura. Indste Stigen kunne passerast gjennom nokre tripser i hamrane, men beinføringa måtte vere i orden for å kome gjennom.

Over Nøre-elva låg det frå først av to stokkar over elva, tett utanfor Bruaberget. Seinare vart det lagt på ein stokk til. Opningen i steingarden på sørsida av elva viser kvar dette var. På slutten av 1930-talet kom det opp ein stokk på utsida som skulle tene som handtre, eller rekkverk. Denne brua måtte skuleungane passere frå skulehuset kom i drift i 1926-1927 til langt ut på 1950-talet. Det gjekk likevel godt kor enn veret var. Eg er likevel rimeleg trygg på at i dag hadde det vorte store foreldreprotestar, dersom dei skulle sendt borna ut på denne skulevegen. Når elva var flaumstor brukte læraren å stå i døra i skulehuset for å sjå om vi kom velberga over. I ettertid har eg tenkt at om nokon skulle falle i den flaumstore elva, var det det kanskje ikkje til så mykje hjelp.

Frå brua gjekk stigen rett oppover marka på bnr. 1 (Oline) og rett gjennom tunet. Vidare over Søre-elva og ei ny trebru, men ho var breiare. Brukarane i Øvrebotten køyrde likevel vadet like ovanfor brua, når dei henta ved eller tømmer frå skogteigane sine på sørsida av elva.

Frå brua svinga stigen utover Støylen, ut og tvers over myra i Timbrevika, over Skjerven og vidare ut og over Skjervelva. Der var det ei lita steinbru. Brua var låg, so i flaumperiodar gjekk vatnet godt over brua. Ungane frå Sørbotten var difor ofte våte på føtene når dei kom på skulen. Stigen gjekk så ut i Korsnesvika og vidare ut ovanfor gravstaden, ovanfor gjerdet til 1896-dyrkningslandet i Myrane og ut til innmarka på bnr. 3 (Åge) Sørbotten. Der gjekk stigen gjennom tunet, men lenger utover gjekk han nedanfor tuna like ut til bnr. 4, Haugen (Steinar).

I 1930-åra vart det sett i gong vegarbeid for å få betre vegforhold  over utmarka mellom gardane. Arbeidet vart vel sett i gong som eit sysselsettingsprogram. Dagløna varierte visstnok frå 1,50 frå fyrst av, til rundt 2,50 på slutten av 1930-talet. Dette var midlar som Staten løyvde mot at kommunen skulle løyve like mykje. Bremanger kommune gjorde visstnok det ”kunstgrepet” at i staden for å heve dagløna, heldt dei dagløna nede for å få bygdt mest mogeleg veg. Dette var haust-og vinterarbeid inntil dei årlege midlane var brukt opp.

I desse åra vart det bygdt veg mellom innmarka til bnr. 4 (Arve) i Nordbotten og inn til innmarka til bnr. 2 (Torbjørn) i Øvrebotten, innanfor Indste Stigen.

I fjellet, på oppsida av vegen gjennom ydste Stigen er det innhogge 1939. Då eg gjekk i skulen, var talet tydeleg, men ser vi nøye etter viser det kanskje i dag også dersom det ikkje er gått ut med den siste utvidinga..

I Sørbotten vart det bygt veg innover frå innmarksgarden til bnr. 3(Åge) og til litt forbi Korsnesvika, nesten inn til grensa mot Øvrebotten. Då krigen kom i 1940 vart det slutt på vegmidlane. Difor enda vel vegen på sørsida midt i utmarka.

I 1950-åra kom det meir fart i sakene. Straks etter eg var konfirmert i 1950, eller kankje det var i 1951 kom Nils Øvrebotten som var kontaktmann for vegvesenet og spurde meg og Harald Hamrebø – jamgamal med meg-, om vi kunne vere med vegingeniørane Bruland og Østenstad som flisgutar. Då vart vegtraseen frå enden på søre sida og innover til innmarka i Øvrebotten flisa opp. Arbeidet kom i gang straks etter, hausten 1951. Det arbeidde to lag, eitt lag med folk frå Sørbotten, med Olav Øvrebotn som leiar og eitt lag med folk frå Nordbotten, med Augsut Sande som leiar. Dei fekk tildelt kvar sine strekninger etter akkordprinsippet. Det vil sei at det vart sett ein verdi på kvar strekning. Timesløna varierte difor etter kor lang tid som vart brukt på kvar strekning.  Nils Øvrebotten var kasserar for anlegget.

Arbeidsutstyret med det same var i det vesentlege bor og feisel, slegge, spade og trillebåre. Det vil sei at det var handemakta som rådde. Det var oppretta ei smie med Jon Øvrebotten som smed. Jon hadde tidlegare gått smedlinja på heimyrkjeskulen på Vassenden og var nett heimkomen frå militærteneste. Smeden skulle syte for at borane var kvasse til ei kvar tid. Ein kort periode, då Litle Skjerven og Skjerven skulle passerast, leigde laga inn Sverre Seljestokken til å bore. Han hadde skaffa seg boremaskin. Meterprisen var visstnok 11 kroner. Sansynlegvis ein rimeleg bra pris dengong. Seinare heldt vegvesenet boremaskin, men ho måtte veksle mellom Midtgulen og Botnane. På slutten av anleggstida kjøpte Anders Sørbotten som var med arbeidslaget frå Nordbotten, boremaskin som han brukte i arbeidet. Eit bilete eg har viser at ved pinshelga i 1953, vara vegen utbroten inn til Søre-elva. Eit anna bilete som Sigrid Øvrebotten Fjellestad har teke frå Storehornet, sansynlegvis 1955, viser at vegen over innmarkene i Øvrebotten då var gjennombroten, men bruene mangla. I eit skriv  frå Olav Nordbotten til vegetaten oktober 1955, skriv han at vegen mellom dei gamle vegendane no var opparbeidd. Han ber difor vegetaten sette fart i bruarbeidet. Av det kan vi vel slutte at bruene kom på plass i 1956. I 1957 –1958 arbeidde laga på innmarkene både i Sørbotten og Nordbotten. Johannes Nordbotten, har i arkivmaterialet sitt funne oppgjer frå desse åra. Timesbetalinga låg på om lag kr.3,50.

Over innmarkene i Sørbotten arbeidde laget frå Sørbotten. Over innmarkene i Nordbotten arbeidde laget frå Nordbotten.

Kva tid vegen var opparbeidd frå ende til ende, har eg ikkje klårt føre meg. Sansynlegvis først på 1960-talet, for i ettertid dreiv dei med utbetring på førkrigsvegen. Det dreiv dei iallehøve med 1962-1963.

Ståle Sørbotten

2 thoughts on “Vegsamband i Botnane og Årebrot av Ståle Sørbotten

  1. Tilbakeping: Soga om Botnane og Årebrot | Botnane og Årebrot Grendalag

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s