About Dag Ove

Design og vedlikehald av nettsida.

Stem på kysten, og stem på veg over Terøya !

I eit ope brev til fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane ber Botnane og Årebrot grendalag om at dei går for inn for det ytre alternativet for kystvegen, over Terøya. Det vil i framtida også kunne gje veg frå Årebrot til Terøya og korte inn avstanden til Florø med ein time.

I brevet er det ei særleg helsing til Senterpartiet som så lang samrøystes har gått inn for Grov-alternativet:

«Senterpartiet blir sett på som eit parti som kjempar for distrikta.. Vi er derfor svært skuffa når vi les i avisene at Senterpartiet samla vil stemme for ein indre trasé.Det er jo nettopp distrikta rundt Florø, Bremanger og Vågsøy som kan få ein heilt ny kvardag dersom vi får ein kystveg ytterst ute med havet, nord -sør gåande.», heiter det det opne brevet.

Her er brevet i sin heilskap:

Val av kystvegtrase, via Grov eller Terøya !

 

 

Kjære heldige fylkespolitikar som får være med å ta denne ekstremt viktige avgjersla for kysten.

 

Vi ber deg : Stem på kysten, og stem på veg over Terøya !

 

Dessverre er det slik at ein veg over Grov er enklare å bygge ut trinnvis, og dette er eit av hovudargumenta for å velje denne løysinga.

 

Men det er ikkje eit godt nok argument. Det er det mest samfunnsøkonomiske prosjektet som skal vinne fram, og då er det ikkje tvil om at Terøya er best. Vi ynskjer ein kyststamveg parallelt med skipsleia. Dette er Flora, Vågsøy og ytre delar av Bremanger einig i. Det er kort avstand mellom sentra og nærleik til oljeaktivitet, oppdrettsnæringa og fiskeri som er viktig for at vi skal få næringsutvikling og skape nye arbeidsplassar.

 

Terøya gjev i motsetnad til Grov :

-ei brukryssing lengst ute i ein fjord. Dersom vegen skal gå via Grov skal det byggast ei ny bru nokre hundre meter frå Norddalsfjordbrua.

– vegen gjev ei unik moglegheit til å knyte saman Svelgen, Florø og Måløy, med desidert kortaste reisetider mellom desse stadane.

-tilgang til nytt gunstig industriareal for Flora kommune, der det allereie er ny straumlinje etablert. Dersom ein ser på utviklinga av Skiparvika og Lutelandet, forstår ein kor viktig det er å få tilrettelagd industriareal for ein kommune.

-kort veg frå Terøya til bygda Årebrot. Denne bygda vil kunne få reisetid på 15 min til Florø, mot i dag 75 minutt. I dette området ligg det i dag 30 arbeidsplassar, som lett kan aukast med betre infrastruktur.

– kan bli ein turistveg mot bygdene Botnane og Årebrot. Denne vegen lengst ute med kysten kallar ein Frøsjøvegen, og kan bli ein attraksjon på linje med Atlanterhavsvegen på Møre.

 

Senterpartiet blir sett på som eit parti som kjempar for distrikta..

Vi er derfor svært skuffa når vi les i avisene at Senterpartiet samla vil stemme for ein indre trasé.

Det er jo nettopp distrikta rundt Florø, Bremanger og Vågsøy som kan få ein heilt ny kvardag dersom vi får ein kystveg ytterst ute med havet, nord -sør gåande.

 

Vi ber deg derfor som politikar å sette deg inn i kva dette har å seie for oss, og håpar du vil snu i tide og stemme for det ytre alternativet.

 

Det nest beste for oss er å utsette saka.

Ved å velje kystveg over Grov vert det ingen oppsving av verken arbeidsplassar eller busetnad her ytterst ved kysten.

 

Botnane og Årebrot grendalag har vi i årevis jobba for auka næringsverksemd i grendene våre, noko vi også har fått til. Her er komme eit steinbrot i Seljestokken med ca. 25 arbeidsplassar, og det vert no truleg bygd ein vindmøllepark på Guleslettene, med store ringverknader lokalt, særleg i byggjeperioden. Men vi har store problem med tungvindt infrastruktur, og treng sårt ein kystveg som vil gagne oss. Vi ber deg difor om å vurdere ditt synspunkt på nytt.

 

 

Botnane og Årebrot grendalag

Nye bruer i Øvrebotten

Vegvesenet sette brått ned akseltrykket på bruene i Botnane for ei stund sidan. Bruene var for dårlege. Det fekk konsekvensar for fleire og det vart teke opp med både den eine og den andre. Og no er dei i fullt arbeid med å lage mellombelse bruer slik at transport kan gå som før.

Foto: Magni Øvrebotten

Hjortefest laurdag 11.november

Velkomen til  hjortefest i Botnane grendahus

Jegerane i Botnane og Årebrot  lagar til fest.

Det vert fest for bygdefolk og dei som har tilknyting til bygdane Botnane-Årebrot laurdag 11.11.17.  kl.19.00

Det vert servert trerettars middag der hovudingrediensen er hjort etter årets fangst. Det vert servert drikke av ulike slag,  Det vert også kaffe og kaker m.m. ut på kvelden.

Prisar: Vaksne (over 15 år) –  200,-  Barn 6-15 år – 80,-     Barn under 6 år – gratis

Det er vorten ein lang tradisjon å lage til fest i novembermørket.       Når folk kjem saman går praten av seg sjølv, men jegarane har likevel noko program på lur og kanskje noko dei vil fortelje.

Då vi treng tilbakemelding på kor mange som kjem grunna innkjøp av mat, bed vi om påmelding på telefon 41553395 eller sms eller på run-norb@online.no

Påmeldingsfrist onsdag 08.11.17

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Om «Kystagentane» på søndagskafé

Petter Rosenlund Bilde1


Møt manusforfattaren til TV-serien «Kystagentane» på søndagskafé i Botnane 5. november kl. 16.00.

Dit kjem det tre karar for å fortelje om arbeidet med TV-serien om Kystagentane. Det er manusforfattar Petter Rosenlund (bilete), produsent Johan Moen frå firmaet Northwestwood i Stongfjorden og Reidar Brandsberg i Flora historielag. Dei ynskjer både å orientere om serien og få nyttige innspel frå dei som møter opp.

– Føremålet med å kome til Botnane er å fortelje om arbeidet med å få til denne TV-serien og få tettare kontakt med Botnane og Årebrot Grendalag og folket i bygdene her. Vi ønskjer å ha god tid og set stor pris på innspel frå dei som kan sitje på informasjon om lokale tilhøve i Botnane under krigen. I tillegg til informasjon om agentane Atle Svardal og Dagfinn Ulriksen og det arbeidet dei gjorde under andre verdskrig, seier Reidar Brandsberg i Flora historielag.

 

UlriksenThorsenSvardal

Dagfinn Ulriksen, Thorsen og Atle Svardal. London 26. mars 1942.

Det er arbeidet med minna etter Roska-sendaren i Breivika som er utgangspunktet for idéen om ein TV-serie om Kystagentane. Å få til ein slik serie tek mange år. Det tok til dømes meir enn 10 år å få lansert TV-serien «Kampen om tungtvannet». Den TV-serien er skriven av same forfattar som no arbeider med Kystagentane, Petter Rosenlund. Det er òg Rosenlund som er eigar av prosjektet. Han har med seg Johan Moen, frå firmaet Northwestwood AS i Stongfjorden, som produsent.

Moen og Rosenlund har hatt møte med aktuelle samarbeidspartnarar frå Storbritannia og Rosenlund arbeider med justeringar på manus, slik at det skal vere mogleg å selje Kystagentane inn til internasjonale medieaktørar, til dømes i England. Det vert framleis lagt opp til ein produksjon som vil innebere ei blanding av fiksjon og fakta.

– Flora historielag si rolle er fyrst og fremst å vere ei referansegruppe, som hjelper til med å hente inn fakta og forsøke å gjere prosjektet så autentisk og historisk som mogeleg, seier Reidar Brandsberg.

Om du ikkje tykkjer du har noko å fortelje så nytt likevel høve til å høyre litt historie med lærdom for framtida. Og kanskje er den vesle anekdoten eller historia far, mor, bestemor eller bestefar din fortalde deg om krigen nettopp den som kan gje liv og inspirasjon til dei som skal lage TV-serie om Kystagentane ?

Det vert sjølvsagt høve til å kjøpe kaffi og god mat.

Arr. Botnane og Årebrot grendalag

 

Aktivtetar hausten 2017

Komande sundag er det kafe i grendahuset i Botnane, frå kl. 16.00 til 18.00.

Vi legg opp til sundagskafe den fyrste sundagen i kvar månad. Med detvert det

også kafe den 1. oktober, 5. november og 3. desember! Den 3. desember vert det kombinert med juleverkstad.

Hjortefesten er planlagt til laurdag den 18. november og juletrefest vil vi ha den 30. desember.

 

Ein vellukka sommarbasar!

Bra med folk, bra loddsal og god prat! Slik kan sommarbasaren sist laurdag oppsummerast! Og grendalaget sit att med om lag 20.000 kr til dei to grendahusa i Botnane og på Årebrto! Takk til alle som deltok og takk til dei som ordna med å pynte og gjere til! Og takk for alle dei flotte gevinstane.