Kommuneplanen på søndagskafe

Neste søndag, den 6.mai (kl.16.00 – 18.00) har vi kafe på grendahuset i Botnane. Det vert ikkje berre kaffe og kaker, men også ein prat om kommuneplanen for Bremanger som no det no vert arbeidd med. Ordføraren, Audun-Åge Røys vert med for å orienterte og høyre på det bygdefolk har å seie om saker som gjeld Botnane.

Grendalaget vil ta opp å få fullgod mobildekning og breiband til Botnane ,og behovet for å gjere noko med vegen gjennom bygda.

 

 

Årsmøte laurdag 10.mars kl.15.00

Årsmøte i Botnane og Årebrot Grendalag vert i Botnane grendahus neste laurdag, den 10. mars kl. 15.00.

Saker:

  1. Val av møteleiar, skrivar og to til å skrive under møteboka.
  2. Godkjenning av innkalling og sakliste.
  3. Årsmelding for 2017
  4. Rekneskap for 2017
  5. Arbeidsplan for 2018
  6. Dekking av utgifter til utgreiinga om rasfare
  7. Budsjett 2018
  8. Kontingentsatsar
  9. Valg
  10. Orienteringar:
    1. Om arbeidet med Diktarstien
    2. Om arbeidet med å tilrettelegge gravrøysane (BARK-midlar)
  11. Inkomne saker.

Frist for å kome med saker var sett til 1. mars, men fordi innkallinga vart lagt ut seint på heimesida, set vi fristen til tysdag 6.mars.

innkalling til årsmøte i BÅG 2018