Tur langs strendene

Stranda

Strekninga frå Gudbrandsneset til Sletta må vere ei av dei flottaste områda langs kysten vår. For mange er friluftsliv det same som toppturar. Turen har som mål å nå toppen og gjerne nokre bilete frå toppen. Med strendene er det noko heilt anna, sjølvsagt kan ein bestemme seg på førehand at ein skal gå til ein stad, men kanskje ein finn ein stad kor det berre er godt å vere. Kanskje koke kaffi og nyte utsikten. Denne stranda skil seg frå Solastranda og andre sandstrender ved at den krev di fulle merksemd. Stranda er eigentleg ei stor samling av steinar. Det gjer at du treng planleggje kvar steg du tek. Ingen stein er lik og inga steg er lik. For dei som er opptatt av trening, så må de vere noko av det beste ein kan gjere. Her får ein balanse, koordinasjon, styrke og kondisjon på ein gong. Om du skulle tru at du er blant dei første som har gått her, så er det ikkje heilt slik. Her har det vore folk i 3000 år. Det ligg nokre gravrøyser her frå Bronsealder.

Råd for turen

Helst bør det vere lågvatn, prøv å ha god klaring til sjøen så du ikkje glir ut i. Hold deg helst over der sjøen går på høgvatn, elles kan nokre steinar vere særs glatte. Dei kvite steinane er gjerne dei beste. Viss det har regna, så vent nokre timar til steinane er tørre. Bruk sko med støtte for anklane.

Kva kan du sjå på turen?

Legg ved brosjyra frå Nordsjøløypa

Nordsjoloypa

This slideshow requires JavaScript.

2 thoughts on “Tur langs strendene

  1. Det var fint å se bilder fra steder jeg har feriert i mange år.Slekten min kommer fra gården Kvalvik.Min morfar var Gustav Kvalvik.Hilser til alle kjente.Sönn av Magnhild.
    Hilsener fra Egil Haug

    • Tusen takk Egil, det varmer å høre. Personlig synes jeg det er ett av de flotteste stedene langs hele kysten. Bratte fjell, steinete strand og utsikt utover havet. Det kommer flere reportasjer så bar følg med

      Dag Ove Flatjord

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s